![]() |
|
Startside :: |
Minneord Johan P. AakreSå er fiskarhovdingen og pioneren frå Haramsøy og Nordøyane, Johan P. Aakre, borte. Han vart 88 1/2 år gammal. Gjennom eit langt liv og med vaken sans for det nye heilt til det siste bygde han gradvis opp ei aktiv fiskebåtverksemd som er mellom dei fremste i landet. Snurpebåtane "Fisk" og "Bømmelfjord" er kjende namn i alle fiskerikrinsar. Johan P. Aakre er først og fremst knytt til ei anna tid enn vår, til ei tid som skifte frå den reine gullalder i første verdskrig, til den svartaste depresjon rundt 1930. Men som den driftige fiskeskipperen han var, greide han seg gjennom desse økonomiske stormkasta som få. Og som organisasjonsmann vart han sidan aktiv med og staka kursen ut for mange andre innan norsk fiskerinæring. Særleg gjeld dette gjennom tillitsomboda i Islandssildfiskernes Forening og som medlem i representantskapet i Noregs Sildesalslag. Som styreformann i Haram Sparebank var han dessutan ei effektiv vektstong i finansieringa i næringslivet i Haram-bygdene i mange år. Johan P. Aakre var fødd på Åkregarden på Haramsøy. Her voks han opp i lag med ein annan pioner innan sunnmørsk fiskedrift, Johan Remmen, som fall frå i fjor. Saman drøymde desse to ungdomane om å få sine eigne skuter i vaksen alder, ein draum som i sanning gjekk i oppfylling. Men først vart det torskefiske som "halvluting" for Johan med nøringsbåten "Gange-Rolv" frå Åkre i 1903. Dette var ein seglbåt utan motor. Så vart det dekksbåten "Tor", også frå Åkre, og sidan på sluppen "Håkon", frå same stad. Det var linefiske om sommaren og garnfiske etter torsk om vinteren. Nokre år seinare dreiv han for eit firma Nærøy i Namdalen, der han fann kona. Men alt før første verdskrig flytte han attende til Haramsøy og rudde seg gar og bygde hus på Eirikgarden sin utmarksteig i Åkremarka. I denne tida kom han om bord i dampskipa som fiska ved Island, først med "Barden" av Ellingsøy og sidan med "Namdal" frå Ålesund og Oscar Larsens "Hildur". Men først og fremst er Johan Aakre sitt namn knytt til gamle "Giskøy"! Utan tvil er dette ein hovedgrunn til suksessen etter som alle var rutinerte og kjende sin jobb til minste detalj. I 1946 kjøpte Johan Aakre steambåten "Fisk". Sidan vart det "Bømmelfjord". "Gamle Fisk" vart utskift i1960-åra og større båt kosta, den noverande "Fisk". No er det sønene og sønesønene som driv. Johan P. Aakre var ein vital mann med eit sprudlande humør og med friske replikkar. Han var ein driftig og myndig mann i all si ferd, som andre lytta til når han tala. Han åtte eit framsyn som få innan fiskeria, ei sann pionérånd som var djupt forankra i sunnmørsk lynne og miljø. For denne sin pionérinnsats fekk Johan P. Aakre Haram kultur-historiske lag sitt heidersdiplom i 1975, som æresbesvis for å ha bygt opp ei verksemd som lever, jamvel om pionéren sjølv no er død.
|
||||
© Jan Strøm 2002 - 2009 |