![]() |
|
Startside :: |
Minneord Petter AakrePetter J. Aakre, ein velkjend og velrøyd fiskar, skipper og reiar på Sunnmøre, og elles langs norskekysten, er død, 77 år gamal. Døden kom heller brått, å sjå til var han frisk og kjekk like til det siste. Han tok til på sjøen alt i ung alder, slik som dei fleste ungdomar på Nordøyane i den tid. Han var saman med far sin om dei første fiskebåtane, seinare kom broren, Elias, med. I mange år hadde dei båtane "Fisk" og "Bømmelfjord" i lag. Før den tid heitte båtane deire "Fisk" og "Mørefisk". Det var først og fremst somsildemann Petter J. Aakre gjorde seg mest kjend mellom fiskarane. Der var han spesialisten framfor nokon andre. Det var derfor naturleg at han først i 60-åra vart ekspedisjonsleiar for ein stor ekspedisjon fra Haugesund til Island. Som 60-åring fann du han som fiskerileiar om bord i det flytande kvalkokeriet "Kosmos IV" til Bjørnøya, der det vart drive sildesalting i stor stil. Dei siste åra av sitt aktive fiskarliv hadde han hand om "Fisk", medan broren tok seg av "Bømmelfjord". Sonen, Harald, vart skipper på "Fisk". Og det var nok å henge fingrane i for Petter som reiar, så komplisert og mangfaldig som arbeidet med fiskebåtar etter kvert vart, Han styrde med stø hand både på land og sjø. Av natur var etter J. Aakre heller tilbakehalden men gjorde seg opp sjølvstendige og kloke meiningar både om praktisk fiske og fiskeripolitikken. Han sa alltid frå når han såg det barst galt av stad. Og som oftast fekk han rett. Det vog alltid tungt det Petter J. Aakre hadde å fare med, velrøynd som han var gjennom eit langt og aktivt fiskarliv. Han var med i representantskapet i Noregs Sildesalslag i nokre år, men elles såg han seg ikkje syn med å vere aktivt med i organisasjonsarbeid. Han hadde meir enn nok å gjere om bord i fiskebåtane. Og i praktisk fiske sette han djupe merke etter seg. Personleg var Petter J. Aakre ein svært lun og omgjengeleg kar, som det var lærerikt og gjevande å prate med. Han hadde alltid eit sjeldant godt humør, du høyrde han nesten aldri syte og klage om tilburden ikkje alltid var så god. Han var skapande og positiv, i all sin ferd, og slik vil hans store veneskare alltid hugse han. A. Iv,
|
||||
© Jan Strøm 2002 - 2009 |